Vekekalender
Forslag til ei veke med smak og behag frå Kjerringgarden !
MANDAG
Start dagen med ein god kopp grøn blomsterte, den er rikare på antioksidantar enn vanleg svart te. Grøn te skal trekke i ca 6 min.
TIRSDAG
Bruk handkremen kvar dag, den er rik på verkestoff og gir huden nausynt fuktigheit.
ONSDAG
Senk skuldrene ! Litt massasje med vår muskelavslappande olje gjer underverker.
TORSDAG
Litt lettvint middag ?
Lag ein salatrett med urtedressing.
Oppskrift på salat: 1/2 isbergsalat, 1/2 agrurk, 3 tomater, litt fetaost i terning, 1/2 raud løk, 1 bx skinke
Salatdressing: 3 ss olivenolje, 1 ts kvitvinseddik, 1 ts smør- og salatkrydder i frå kjerringgarden, 1 fedd kvitløk, litt salt og pepar.
FREDAG
Arbeidsveka er slutt, det er tid for familie og kanskje pizzakos... Bruk vårt pizzakrydder i både deig og fyll, så får du ein herleg smak med rikeleg oregano på pizzaen. Nyt helgekjensla !
Oppskrift på pizzadeig: 4 dl vatn, 1/2 dl olje, litt salt, 10 dl kveitmjøl og 1 ss pizzakrydder.
LAURDAG
Start fridagen med eit morgonbad ! Ha i 1 ss av vår mjukgjerande og muskelavslappande badeolje.
Til laurdagssnop kan du lage ei sjokoladekake med eplemynte, herleg "after eight"-smak på kaka. Bruk den oppskrift som du likar, berre tilsett 1/2 kopp oppklipt eplemynte i deigen.
SØNDAG
Etter ein frisk tur i haustnaturen er det godt å komme inn til middagsbordet. På menyen: lammegryte eller lammesteik med Kjerringgarden sitt lammekrydder.