Kjerringgarden ønskjer å gi gjestene ei oppleving som utfordrar og spelar på alle sansane.
Besøket blir "krydra" med urter på ulike måtar.
Eit annleis måltid blir servert i avslappa omgivnader. Du får høyre litt om staden du er kommen til,
maten du et, urtene som veks her og kva kjerringgarden produserer. Ein tur i urtehagen høyrer med
når årstid og ver tillet det, saman med fakta og overtru om desse grøne fasinerande vekstene.
Gardsbutikken er open for handel og gode råd. Eit " vanleg" besøk tek frå 2 1/2 - 3 timar.
Meny og prisar pr pers:
- heksesuppe med heimebakt urtebrød og anna tilbehør, kr 180,-
- fiskesuppe med heimebakt urtebrød, kr 160,-
- urtesuppe basert på grønsaker med urtebrød, kr 150,-
- salatrett med urtebrød, kr 195,-
- ostebord, kr 235,-
- spekemat med urtebrød og salatar, kr 255,-
Dersom selskapet ønskjer våre heimelaga kaker, kaffi og te blir dette kr 80,- pr pers i tillegg til ovanfor nemnde prisar.

Anna tilbod

v     Besøk i Blåbærhagen på Utbjoa
v     Guida tur langs Kulturstien på Utbjoa
v     Besøk ved minnebautaen og historiefortelling om Arquebus
v     Bureisingssoga på Dalsbruket
v     andre guida turar(turmål etter eige ønskje)

 

 

 

 

Ønskjer du å handla frå vår nettbutikk, klikk her
>>>>
[Nettbutikk]
Kjerringgarden Dalsbruket

5584 Bjoa

Tlf.: 53 76 99 93


post@kjerringgarden.no
Copyright © 2010 Kjerringgarden. All rights reserved.
Teknisk løsning www.jhl.no    Design Abacus