- til Kjerringgarden som ligg på Bjoa i Vindafjord kommune. Her driv me tradisjonelt gardsbruk, men tar i tillegg imot besøkande for ei sanseleg oppleving.
Kjerringgarden ønskjer å gi gjestene ei oppleving som utfordrar og spelar på alle sansane. Besøket blir "krydra" med urter på ulike måtar. Eit annleis måltid mat blir servert i avslappa omgivnader. Du får høyra litt om staden du er kommen til, maten du et, urtene som veks her og kva Kjerringgarden produserar.
Ein tur i urtehagen høyrer med når årstid og vær tillet det, saman med fakta og overtru om desse grøne fasinerande vekstene. Gardsbutikken er også open for handel og gode råd.
Kjerringgarden ønskjer større og mindre grupper velkommen til gards, me har serveringsplass til 35 gjester og de kan køyre med buss og bil heilt fram i tunet. Hovudsesong er frå april til september, men me held opent etter avtale heile året.
Me arrangerer også kurs mellom anna i dyrkning og bruk av urter og korleis lage mat med urter. Kva med ein annleis klubbkveld for "jentegjengen", eller eit intimt møtelokale for eit medlemsmøte eller temakveld?
Me ønskjer velkommen til ei sanseleg oppleving...